Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Overrasking då næringslivet samla seg

Publisert Sist oppdatert

Eigentleg var Aarekol spurt på kort varsel sidan Åge Skinstad, sjefen for Ski-VM i Trondheim, vart forhindra. Henning Aarekol er sjukepleiar, men har dei siste åra arbeida seg opp som komikar. Han har til dømes hatt førestillinga Menn har også følelser – et ganske viktig humorshow» for utselt hus på Festiviteten i Haugesund.

For fjorten år sidan fekk Aareol det for seg at han ville arrangera musikkfestival nede ved sjøen på Vaulen i Stavanger. Rogafest vart namnet, og kort fortalt vart det ein gedigen økonomisk fiasko. Vêret var for varmt, ølet blei ikkje kaldt og organiseringa var basert på mindre publikum enn dei som kom.

Aarekol sitt budskap til leiarane i salen frå privat og offentleg verksemd var sterkt. Ein kan feila, men det er viktig å få dei som har feila tilbake på sporet att. Aarekol var langt nede, og for sjukepleiaren var ein dag på jobben med sjukdom og blod lettare å handtera enn å koma heim å opna postkassen. Det vart sterkt, om enn ikkje tåredryppande, men mange fekk nok ein del å tenkja på. Det høyrer med til historia at alt gjekk bra med Aarekol, ikkje minst med hjelp fra støttande venner, og at han derfor i dag klarar å snakka om dette.

Powered by Labrador CMS