Seniorrådgivar Kjell Larsen i Tveit Regnskap.Pressefoto
Oppløftande næringsbarometer
Rykande ferske tal frå Tveit Regnskap viser opptur i bygg- og anlegg, at varehandel slit og at det generelle bildet er ei normalisering etter vanskelege år.
Tveit Næringsbarometer tar pulsen på næringslivet på Haugalandet og Sunnhordland, og er spesielt ved at det er baserte på årets fire første månader. Ferskare tal kan ein dermed ikkje skaffa.
— Barometeret viser samla ein positiv trend. Me snakkar ikkje om tidlegare toppnivå, men om ei normalisering etter ein tung periode, seier seniorrådgivar Kjell Larsen som saman med Jostein Aksdal, leiar for rådgiving i Tveit Regnskap, har laga den rykande ferske rapporten.
Faktiske tal