Johan Georg Vestbø vil ha svar frå Vindafjord kommune om trekaien.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Oppgitt over tilstanden til kai
Johan Georg Vestbø (84) er bekymra for tilstanden til ein trekai på eit område i tilknyting til moloen i båthamna i Vestbø i Sandeid. Nå ber han Vindafjord kommune ta tak og i det minste avklare kven som har ansvaret.
— Kaien er svært dårleg. Det er uforsvarleg å gå på han, seier Johan Georg Vestbø.
Han ligg på ein stein- og murmolo ut til ein liten holme. Heile anlegget heiter på folkemunne Moljå», dialekt for moloen, og det er blant stadane i Sandeid kulturløype som har ei eigen historisk tavle. Ifølgje tavla blei moloen bygd for å sikre Sandeid ei god hamn for fiske- og frakteflåten.
Vil ha ny kai