Oppgitt etter hærverk i aktivitetspark
— Eg blei frustrert når eg såg kva som har skjedd. Me har brukt mykje tid på å bestille inn nettet og markeringa, og kommunen har brukt arbeidsfolk på å setje det opp, seier leiar Magne Christiansen i Ølen Grendautval.
Vindafjord kommune og grendautvalet delar ansvaret for aktivitetsparken. Christiansen opplyser at det er frivillige som står bak arbeidet med å halde parken fin og intakt.
— Det er veldig unødvendig og trist at nokon skal øydelegge den flotte parken me har, grendautvalsleiaren.