Kommuneoverlege Terje Kleiven. Arkivfoto
Omikron-smitte i Vindafjord
— Personen har vore i kontakt med nokre andre med omikron som kom frå utlandet til Karmøy med same fly, der han testa positivt på flyplassen, fortel Kleiven. Personen er nå i isolasjon, og alle nærkontaktar er sett i karantene. Dette er første påviste tilfelle av Omikron i Grannar-distriktet
Kleiven fortel at dersom det skulle bli påvist fleire tilfelle av Omikron framover vil dei etter kvart måtte rekne alle smitta som moglege Omikron-tilfelle. Då vil det bli lengre isolasjons- og karantenetider for smitta og nærkontaktar. Kommuneoverlegen seier at dei vil prøve å skåne barn så godt som dei kan frå tiltak, men at det kan bli utfordringar knytt til skular om Omikron-smitta skulle eskalere. Han understrekar at dei er eit stykke unna det i dag.
Innfører gult nivå