Dagleg leiar Maria Djuve Vågen i Omega 365 Design får færre kollegaer i Ølensvåg framover.
SVEIN-ERIK LARSEN
Omega-selskap må seie opp tilsette i Ølensvåg
— Først og fremst mistar me gode og
dyktige folk. Me skulle gjerne hatt alle med oss vidare, men samtidig må me
tilpasse oss dagens marknad. Me er godt rusta for å levere til både noverande
og framtidige kundar, fortel dagleg leiar Maria Djuve Vågen i Omega 365 Design.
Design- og kommunikasjonsbyrået er ein del
av Omega-konsernet og har hovudkontor i Ølensvåg. I tillegg har dei kontor i
Bergen, Haugesund, Sand, Sauda og Stavanger. Dei driv med produksjon av
innhald, PR- og kommunikasjon, film, foto, sosiale medium og nettsideutvikling.
Krevjande over tid