Atle Berge og Ølen Betong tapte rettssaka mot staten, men gir truleg ikkje opp.Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Betonggründer Atle Berge har kjempa ei lang sak mot staten etter at han blei forsøkt verva av e-tenesta. Arkivfoto

Ølen Betong vann ikkje fram

Ølen Betong vann ikkje fram med ankesaka i lagmannsretten. Det er TV 2 som melder dette. Selskapet tapte då saka var oppe i tingretten, men blei anka. Saka gjeld krav om erstatning som følgje av rekrutteringsforsøk frå E-tenesta og Politiets tryggingsteneste (PST) mot to tilsette i Ølen Betong – gründer Atle Berge og maskinførar Kurt Stø.

Selskapet hevdar det har blitt påført store økonomiske tap og vore i svært ubehagelege avhøyr hos russisk tryggingsteneste som ein konsekvens, noko som medførte at Berge og Stø også blei stengt ute frå Russland i ti år. Selskapet kravde rundt 160 millionar kroner av staten for tap av kontraktar i Russland. Borgarting lagmannsrett avviste einstemmig ankesaka og slår fast at E-tenesta og PST ikke kan anses å ha opptrådt erstatningsbetingende overfor Atle Berge», skriv TV 2.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS