Tettare på
Ole (62) frå Skånevik var død i ein halv time – no er han tilbake i full jobb
Vi skal tilbake til sundag 12. juni i fjor. Ole Funderud og kona Heidi Wannberg har passa nokre av barnebarna sine frå laurdag til sundag. Då dei kom heim til huset sitt i Skånevik sentrum i kveldinga, syntest dei at det var litt tidleg å ta kvelden. Dei bestemmer seg å gå ein tur bort til Skånevik Fjordhotel, for å slå av ein prat med Inger Karin Larsen, hotellsjefen. Der blir dei ei stund, og klokka blir nesten 22 om kvelden når dei ruslar heimover og småpratar.
Det er berre eit par hundre meter frå hotellet til huset deira, det som tidlegare har vore ein hermetikkfabrikk, og som står i krysset Strondavegen/Åsheimvegen. Langs vegen passerer dei Gjestgjevargarden. Det er då at Heidi brått merkar at Ole er blitt så stille. Og at han ikkje lenger går ved sida av ho. Heidi snur seg, og ser noko ho aldri kjem til å gløyme. Ektemannen, som ho har halde samen med heilt sidan dei trefte kvarandre på dans i Skjold i tenåra, ramlar om.
— Det var heilt rart å sjå. Han fall saman som eit trekkspel, fortel ho og illustrerer med armane korleis den høge mannen hennar nærmast folda seg på asfalten.