Monica Berge Fjæra er med komiteen for fiskefestivalen i Fjæra.
Arkivfoto: Svein-Erik LarsenFOTO: Svein-Erik Larsen
Nytt styre i grendautval
12. mars hadde Ølensvåg Grendautval årsmøte i Vågen Bygdasenter. Monica Berge Fjæra, som har vore leiar fram til nå, er blant dei som skal løfte innbyggjarane i bygda sine interesser i 2024.
Grendautvala er eit bindeledd mellom innbyggjarane i bygda og kommunen. Dei jobbar for at bygdene sine skal vere aktive, trivelege og levande lokalmiljø.
Deler ut roller seinare
På møtet blei Monica Berge Fjæra, Gunnstein Koch, Åsmund Aarekol, Vivian Matre, Leif Thorsen og Birthe Dyngeland valt inn styret til grendautvalet for 2024.