Næringsliv
Nytt bakstehus i gamalt bygg
Ombygginga av uthuset gir henne nye moglegheiter til variert drift innan arrangement, tradisjonsbaking og gardsdrift. Bakstehuset er namnet på huset som vart opna tidleg i desember.
Kjøkenet i bakstehuset er moderne, mens landhandelen med gamal butikkdisk viser ei anna tid. Det same gjeld loftslokalet, som er innreidd slik at tankane går tilbake til ein stad på 60-70 talet.
— Butikkdisken har stått i ein butikk på Karmøy, og det flotte gamle kassaapparatet kjem frå ein eller annan stad i Ryfylke, seier den aktive 50-åringen.