Frå 1. januar må du betale meirverdiavgift og eventuell toll på kjøp under 350 kroner frå utanlandske nettbutikkar. Illustrasjonsbilete.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Nytt år: No har desse endringane tredd i kraft
Frå nyttår må du betale moms på all netthandel frå utanlandske butikkar. Samtidig blir det lågare avgifter på trafikkforsikringar og drivstoff.
1. januar blir det gjort endringar i fleire lover og reglar her til lands. Her er ei lita oversikt over endringar det kan vere verd å merke seg:
Moms på all netthandel frå utlandet
Frå 1. januar må du betale meirverdiavgift og eventuell toll på kjøp under 350 kroner frå utanlandske nettbutikkar. Det gjeld også viss du har kjøpt ei vare i 2023, men får den levert først i 2024. I dag kan du bestille moms- og tollfritt frå utlandet viss prisen er under 350 kroner.
For å sleppe momsen og eventuell toll, bør du sjekke om nettbutikken du handlar hos er VOEC-registrert. Handlar du frå ein VOEC-registrert nettbutikk får du sjå totalprisen, og betaler alle avgifter når du handlar.