Til SMV. Gøril Eidhammer, som torsdag orienterte Etne formannskap om status for Skakke-øknomien, har sagt opp si stilling.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Nye utfordringar og uviss framtid
Gøril Eidhammer (48) har sagt opp si stilling som dagleg leiar i Skakke SA etter vel to år i jobben.
Ho fortel til Grannar at årsaka til at ho har levert si oppseiing, er eit tilbod som ho ikkje kunne seie nei til. 1. juni byrjar ho i stillinga som driftsleiar ved Sunnhordland Mekaniske Verksted AS (SMV) i Skånevik.
— Eg trivst særs godt ved Sakke, og hadde ikkje nokon plan om å slutte. Men då eg plutseleg fekk eit så spennande jobbtilbod, så landa eg på eg ikkje kunne seie nei, seier Eidhammer.