Skatteetaten åtvarar mot auka svindelforsøk via e-post og sms. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Skatteetaten åtvarar mot auka svindelforsøk via e-post og sms.

Nye svindelmetodar dukkar opp før skattemeldinga

Skatteetaten åtvarar mot stadig meir avanserte svindelforsøk via e-post og sms.

Publisert Sist oppdatert

Omfanget av slike forsøk aukar kvart år når skattemeldinga blir send ut til den vaksne befolkninga i Noreg, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

– Vi sender aldri lenker uoppmoda via e-post eller sms og ber aldri om bankopplysningar. Om du får e-postar eller sms med Skatteetaten» som avsendar, som ber deg klikke på lenker for å betale, få tilbake pengar eller registrere skatteinformasjonen din, er det garantert svindelforsøk, seier Ragna Fossen, leiar for tryggleik og beredskap i Skatteetaten, i meldinga.

Svindlarane endrar stadig metodane sine. Nytt av året er falske meldingar om at politiet ønskjer kontakt med spørsmål om skatten din. Både politi og Skatteetaten blir brukt i same melding for å lure folk inn i ein dialog som endar med svindel.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS