Kraftfôrprisane tek eit nytt hopp oppover, og det kan skape problem i jordbruksoppgjeret.
Illustrasjonsfoto: Karoline Riise Kristiansen / NPK
Nye prishopp på kraftfôr
Kraftfôrprisane fekk i april ein ny auke på 15–20 øre i snitt», skriv kommunikasjonsrådgjevar Sigbjørn Vedeld i Felleskjøpet Agri, til Nationen. Han legg til at med den siste auken ligg snittprisen om lag 20 prosent høgare enn på same tid i fjor.
Ifølgje Nationen melder også dei andre store kraftfôrprodusentane om stor prisauke på råvarer som følgje av krigen i Ukraina, og fleire prishopp dei siste vekene.
I anslaga frå Budsjettnemnda, som er grunnlaget for jordbruksoppgjeret, blir prisauken vurdert til litt over 12 prosent frå 2021 til 2022. Desse anslaga vart laga i mars, men førebels vil ikkje nemnda revidere tala.