Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, statsminister Jonas Gahr Støre og FHI-direktør Camilla Stoltenberg under pressekonferansen om koronasituasjonen i Noreg fredag.
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Nye krav til uvaksinert helsepersonell
NPK-NTB: Den siste tida har det vore mykje merksemd om uvaksinert helsepersonell og faren for at dei kan smitte sårbare pasientar. Helsedirektoratet har komme med råd til kommunane om korleis dei kan unngå slike situasjonar, påpeikar helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
– Vi vil ta ytterlegare grep for å verne sårbare pasientar frå smitte. Derfor ønskjer vi testing av uvaksinert personell to gonger i veka og klar beskjed om at dei må bruke munnbind, sa Kjerkol på pressekonferansen fredag.
Helsedirektoratet kjem til å sende ut retningslinjer om dette til kommunane.
(NPK)