Åkrafjorden Oppleving AS er blant bedriftene som den nye runde med krisestøtte er retta mot.
ARKIVFOTO: ØYSTEIN SILDE FRØNSDAL
Nye 750 millionar i koronastøtte til næringslivet
Regjeringa tildeler kommunane ytterlegare 750 millionar kroner, som skal kompensera bedrifter som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak. Både Vindafjord og Etne kommune er på lista over dei som får pengar.
Det er kommunane som fordeler desse pengane vidare, opplyser distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding som blei sendt ut denne veka. Ho meiner det er viktig at kommunane er raske med å fordela pengane til verksemder som har det tøft.
Statsråden peikar på at mange bedrifter er heilt avhengige av inntektene gjennom vinteren for å klara å halda hovudet over vatnet. Smittesituasjonen gjorde det nødvendig med store avgrensingar i påskeutfarten også i år. I tillegg er mange overnattings- og serveringsbedrifter i byane hardt ramma av restriksjonane.
— Behova til verksemdene endrar seg over tid. I første runde brukte me ein litt breiare pensel då midlane blei fordelte etter folketal og til kommunar med høgare arbeidsløyse enn landsgjennomsnittet. I denne runden spissar me tildelinga ytterlegare til kommunar med høg sysselsetning i overnattings- og serveringsbransjen. Me prioriterer også vinterdestinasjonane. I mange kommunar utgjer dette ryggraden i det lokale næringslivet, og regjeringa vil bidra til å sikra desse viktige arbeidsplassane, seier Linda Hofstad Helleland.