Ny utestove opna i Gardavikjo
Sola skein på den nye utestova og dei over 50 frammøtte i Gardavikjo på Bjoa då det var offisiell opning av nybygget onsdag ettermiddag. Tanken om utestova byrja i 2017, og no er den endeleg klar til bruk – til glede for store og små. For anledninga var det talar, musikalsk innslag med blokkfløyte, leikarring og snorklipping.
Utestova er sett opp ved den populære badestranda i Gardavikjo. No håper dei at endå fleire vil finna vegen til denne idylliske plassen, der sjøen ligg som eit basseng for små born å bada i, med stupebrett lenger ute, klipper å hoppa frå, og der båtar kan leggja til kai.
Teikna av arkitekt