I dag er det registrert 5 nye smittetilfelle av covid-19 i Vindafjord og det er mistanke om at endå fleire kan vera smitta. Dei smitta er både vaksinerte og uvaksinerte. Kommuneoverlege Terje Kleiven ber alle med luftvegssymptom har ekstra låg terskel for å testa seg. — Det er mykje luftvegsinfeksjon nå og det er viktig at folk testar seg ved symptom, seier Kleiven og ber framleis halda avstand for å unngå smitte. Sjølv om ein er vaksinert er det ingen garanti for å sleppa unna sjukdom dersom viruset finn vegen inn i kroppen. — Det er ingen garanti for å ikkje bli sjuk. Nokre har vore veldig dårlege, seier han.
I Etne kommune blei det sist veke registrert 11 nye smittetilfelle av personar i alle aldersgrupper. Her var alle vaksinerte.
Blussar opp