I løpet av den siste veka i januar legg kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fram forslag om skular og barnehagar for framtida i kommunen. Han seier prognosar og elevtal berre er ein del av vurderinga som ligg bakl forslaget.
Foto: Jon Edvardsen
Ny nedgang i barnetalet
Aldri før i den nye kommunen Vindafjord er det født så få barn som i 2021, i alt 77 nye vindafjordingar. Det er eit tal som slår rett inn i skuledebatten i ein kommune der det skjer ei klar sentralisering av kvar folk bur.
— Tal og prognosar er ein del av vurderinga når vi legg fram ein ny plan for skular og barnehagar, men er langt frå det einaste vi vurderer. Korleis demografien ser ut framover har betydning, men er ikkje avgjerande. Det er bygder som ikkje har så store tal for fødslar, men enkeltår kan vi i alle fall ikkje leggje så stor vekt på, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i Vindafjord.
Han viser til at Statisk sentralbyrå sin prognose er rundt 80 fødslar framover i Vindafjord.
For dei siste 15 åra til og med 2020, er gjennomsnittet 101 fødde barn per år. Utviklinga ser ein igjen i elevtalet der det i dag er 117 færre i grunnskulen enn i 2012.