Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kjem til Statsministerens kontor på Akershus festning torsdag. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kjem til Statsministerens kontor på Akershus festning torsdag.

NRK og VG: Senterpartiet trekkjer seg frå regjeringa

Publisert Sist oppdatert

Sentrale kjelder i Ap stadfestar overfor VG at Senterpartiet går ut av regjeringa. Også NRK viser til kjelder på opplysninga.

Torsdag er det hektisk møteverksemd både i Ap og Sp, og fleire sentrale aktørar har rydda kalenderen. Statsminister Jonas Gahr Støre og Vedum starta eit møte på Statsministerens kontor klokka 12 torsdag.

Bakgrunnen for krangelen mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er den såkalla Rein energi-pakken frå EU. Den vart vedteken i EU i 2019. Tre av dei åtte rettsaktene i pakken vart tekne opp til behandling i regjeringa førre veke: fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og eit direktiv for energisparing i bygg.

Senterpartiet har vore heilt tydelege på at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som innlemmar energipakken i norsk lov.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og energiminister Terje Aasland (Ap) har på si side vore tydelege på at det er nødvendig å innføre direktiva for å få unna etterslepet. EU har vist utolmod overfor Noreg og har i klare ordelag sagt at ein forventar at direktiva blir innførte.

Senterpartiets åtte statsrådar i regjering må dermed erstattast.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS