Nortura vart utsett for eit større dataangrep like før jul, og det tok fleire veker før produksjonen vart starta opp att.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nortura meiner russiske hackarar stod bak dataangrep
Hackarangrepet mot Nortura i desember i fjor vart gjennomført av russiske hackarar, ifølgje selskapet.
– Vi kjenner mykje til metoden og veit mykje om korleis dei har komme seg inn, og korleis dei har jobba i systema våre. Dette kjenner vi igjen frå russiske hackarar, seier konsernsjef Kjell Rakkenes til TV 2.
Rakkenes seier dei er kjende med kva for ei russisk hackargruppe som skal ha stått bak angrepet, men seier han ikkje vil utdjupe meir av omsyn til etterforskinga til politiet.
Nortura handterte situasjonen i kjølvatnet av dataangrepet med ei blanding av dyktigheit og flaks, seier konsernsjefen.