Alt måndag blei trafikken vinka gjennom Vågslidtunnelen.Foto: Privat
Vågslidtunnelen

Normal trafikk over Haukeli etter lang tids kolonne

Frå og med torsdag kl. 23.00 torsdag 15. oktober vil trafikken igjen gå som normalt gjennom Haukeli- og Vågslid-tunnelane på E134. Alt måndag ettermiddag fekk bilane køyra gjennom Vågslid-tunnelen – med leiebil, men snart skal det vera slutt på all venting og kolonnekøyring på den viktige austvest-vegen, melder Statens vegvesen.

I store delar av sommaren har mang ein trafikant irritert seg over at det lunne ta lang tid å koma seg over Haukelifjellet. 15. juni i år starta Statens vegvesen arbeida med oppgraderinga av dei to tunnelane på E134 over Haukelifjell. I arbeidsperioden har det gått kolonnar på gamlevegane over Vågsli og Dyrskar, og vegen har vore stengt mellom kl. 23.00 og kl. 10.00 for køyretøy over fire tonn.

— Nå er arbeida ferdige for i år og trafikken kan snart gå som normalt i begge tunnelane. Fartsgrensa i tunnelane blir sett til 50 km/t fordi det framleis føregår arbeid med tekniske bygg i og utanfor tunnelane. I tillegg er belysninga redusert i innkøyringa av begge tunnelar, noko som også gjer at farten blir skilta til 50 km/t, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS