Nominert til Spellemann

Både gruppa Enslaved og The Megaphonic Thrift er blant dei mange nominerte

Publisert Sist oppdatert

Den lange lista over nominerte musikarar, songarar, tekstforfattarar og produsentar blei i dag offentleggjort. Blant dei mange nominerte finn ein også lokale talent. Gruppa Enslaved med Ivar Bjørnsson frå Etne er nominert i klassen for beste gruppe innan metal med plata In Times». Andre nominerte innan same kategori er Kampfar med Profan», Leprous med The Congregation» og Tsjuder med Antiliv». Gruppa The Megaphonic Thrift med mellom anna Linn Frøkedal er nominert i gruppa for indiemusikk med plata Sun Star Sound. I same gruppe finn ein Band of Gould og plata med same namn. Bror Forsgren med plata Bror Forsgren» og Razika med plata Ut til de andre»

Spellemannshowet retuernerer i år til hovudstaden og Oslo Spektrum, og i år kan dei skilta med fleire nye kategoriar. Årets album blir ein eigen pris, mens Årets musikkvideo skal gjennomførast og Årets produsent blir innført som fast pris. I alt skal det utdelast heile 26 prisar når showet går av stabelen på NRK 1, laurdag 30. januar. Under showet skal artistar som Janove, Ane Brun, Marcus & Marinus, Madcon, Håkon Kronstad, Bendik og Trondheim Jazzorkester opptre. Fleire namn blir også slepte i løpet av januar. Årets programleiarar er Ingebjørg Bratland og Jarle Bernhoft.

Powered by Labrador CMS