Skjermdump: Yr.no
No kjem finvêret
Sol og fint vêr er å venta frå onsdag av, og slik blir det fram til tysdag i neste veke. Då er det fram med paraplyen igjen.
Det har ikkje vore så mykje som har minna om at våren og sommaren er i vente, men komande veke blir det flott og varmt.
Vêrvarselet for i dag, tysdag, ser ut til å innehalda siste rest av regndropar på ei stund. Den siste tida har vore prega av bitande kald vind, nattefrost og varmegrader på dagtid som har vore faretrugande nære nullgrensa. Knappe fire-fem grader på det varmaste. Det er ikkje akkurat det som minner vår. Til og med bjørkespretten ser ut til å venta på seg.
Men går ein inn på meteorologisk institutt si vêrvarslingsside, yr.no, blir ein fort varm om bringa. Sol og tosifra raude tal er ikkje å forakta, og slik ser det ut til å bli den neste veka. Det er trass alt mai. Onsdag ettermiddag set godvêret inn for alvor, vinden snur over til sør-austleg retning og det blir rolege vindforhold. Når ein kjem til slutten av veka kan temperaturane også nærma seg 20-talet, før regnet nok ein gong melder seg utover i neste veke.