Slik ser det nye 21-dagarsvarselet ut.
Foto: Skjermdump frå Yr
No får du vêrvarsel for 21 dagar
No kan du få vêrvarsel for tre veker framover på yr.no, opplyser Meteorologisk institutt i ei pressemelding. Det er eit stort hopp frå dei ti dagane som har vore meldt til no.
Desse langtidsvarsla vil først og fremst fortelje noko om sannsyn og trendar, og vil ikkje til dømes seie noko om akkurat når på dagen det byrjar å regne om 2–3 veker. Varselet finn du under fanen 21-dagarsvarsel» på nettsida yr.no.
– Vêrvarsla har vorte stadig meir detaljerte og fått hyppigare oppdateringar. Dette har vore mogleg fordi vi har lege i forkant metodisk og teknologisk, mellom anna i korleis vi bruker observasjonar av vêret. Forskinga vår har no teke dette vidare og utvida langtidsvarselet til 21 dagar, seier Jørn Kristiansen, direktør for Senter for utvikling av varslingstenesta på MET.