Beredskapskoordinator Anne Beate Økland i Vindafjord kommune merkar for tida ekstra stor pågang av helsepersonell som vil vaksinera seg mot influensa.Foto:Irene Mæland Haraldsen
Beredskapskoordinator Anne Beate Økland i Vindafjord kommune planlegg massevaksinering av opp mot 1200 personar på laurdag.

Nesten tom for influensavaksine

Pågangen etter influensavaksine er ekstra stor i år, og både Folkehelseinstituttet (FHI) og apotekleverandørar er tomme for vaksine. Ved vaksinekontoret i Vindafjord håpar dei å ha nok til målgruppene, men lite til overs for folk elles.

Publisert Sist oppdatert

FHI har eit mål om 75 prosent dekning for influensavaksinasjon av personar i målgruppene, som mellom anna utgjer helsepersonell, personar i risikogrupper grunna sjukdom og personar over 65 år. Men i år står mange i fare for å ikkje få vaksinert seg. Tal frå FHI viser at dei 1,2 millionar dosane som er innkjøpt, dekkjer berre to tredeler av behovet i målgruppene. I slutten av oktober hadde FHI 60.000 dosar igjen på lager øyremerka risikogrupper og helsepersonell, og ingen dosar er på veg inn.

Både helsestasjonen i Etne og vaksinekontoret i Vindafjord har bestilt ekstra mange dosar denne sesongen, men så langt ser det ut til at det kan bli lite til overs når helsepersonell og personar i risikogruppene har fått sine dosar. Desse gruppene skal prioriterast og først etter 1. desember kan personar utanom målgruppene få vaksine.

— Me reknar ikkje med å få inn meir nå. Det er ein ekstrem pågang etter influensavaksine og vaksine for lungebetennelse, og helsepersonell og risikogruppene kjem først, seier beredskapskoordinator i smittevern i Vindafjord kommune, Anne Beate Økland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS