Sjøperlo i Ølen. ARKIVFOTO
NAV inviterer til jobbmesse på Sjøperlo i Ølen
Torsdag 30. januar arrangerer NAV Vindafjord-Etne jobbmesse på Sjøperlo i Ølen for å arrangera ein møteplass for arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar frå ulike bakgrunnar og med variert kompetanse. Jobbmessa gir bedrifter høve til å møta motiverte arbeidssøkjarar ansikt til ansikt, og arrangementet ope for alle som ser etter nye jobbmoglegheiter, uansett nasjonalitet, blir det opplyst på Etne kommune sine heimesider.
For arbeidssøkjarar er det ingen krav om påmelding, men det blir anbefalt å ta med ein oppdatert CV for å gjere eit godt inntrykk på arbeidsgivarane, blir det opplyst For bedrifter er det framleis mogleg å melde seg på som utstillar, ved å kontakta NAV Vindafjord – Etne direkte.