Frå venstre: Marius Nyland, skulebibliotekar i Vindafjord, biblioteksjef Silje Holden Birkeland i Vindafjord og barnebibliotekar Ingeborg Sørheim i Etne ønskjer velkomen til årets Sommarles. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sommarles er eit av årets høgdepunkt for biblioteka i Grannar-distriktet. Frå venstre: Marius Nyland, skulebibliotekar i Vindafjord, biblioteksjef Silje Holden Birkeland i Vindafjord og barnebibliotekar Ingeborg Sørheim i Etne.
Sommarles 2019 blei markert med feiring og fullt hus på Etne bibliotek. Skodespelar og forfattar Adele Lærum Duus deltok på lesefesten med å fortelja frå gamledagar då oldefar var doktor.Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Sommarles 2019 blei markert med feiring og fullt hus på Etne bibliotek. Skodespelar og forfattar Adele Lærum Duus deltok på lesefesten med å fortelja frå gamledagar då oldefar var doktor.

Nå er det tid for å lesa

I går gjekk startskotet for den populære lesekampanjen , der elvar i barneskulen kan nytta sommarferien til å lesa bøker. Og undervegs vankar det premiar.

Publisert Sist oppdatert

På biblioteka i Etne og Vindafjord er alt klappa og klart for den digitale lesekampanjen Sommarles. Eit breitt utval av bøker for dei yngste lesarane er på plass i hyllene, og på premiebordet ligg små premiar klare for ivrige lesehestar som har meldt seg på den landsomfattande lesekampanjen for elevar i 1. til 7. klasse i regi av biblioteka.

Lesekampanjen varer frå 1. juni til og med 31. august, og i løpet av dei tre sommarmånadane kan deltakarane registrera bøker digitalt etter kvart som dei les, løyser oppgåver, samlar poeng, får premiar og følgjer med på kva venene les.

— Me har premiar for ulike nivå som barna kan henta på bibliotek i heile Noreg, fortel Ingeborg Sørheim og Silje Holden Birkeland ved høvesvis Etne bibliotek og Vindafjord bibliotek, og gjer seg klar til årets store lesefest.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS