Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Mykje regn kan gi lågare straumpris
Mykje regn kan gi lågare straumpris

Mykje regn kan gi lågare straumpris

NPK-NTB: Dersom vêrmeldinga om mykje regn slår til, vil straumkundane merke det på prisen, fortel leiaren for marknadsavdelinga i Skagerak Kraft.

— Dette er bra, for no er vi sugne på å få litt vatn i magasina, seier Andreas Billington til NRK.

Han er usikker på kor mykje det vil slå ut på prisen.

– Det tør eg ikkje seie heilt sikkert, men det vil jo dempe prisen noko og på ein måte gjere oss meir sikre inn mot vinteren når vi får fylt på litt i magasina. Det vil vere eit veldig pluss for forbrukaren, seier leiaren for marknadsavdelinga i kraftselskapet.

Tysdag kostar ein kilowattime i Sør-Noreg 1,10 kroner kilowattimen utanom påslag, nettleige og avgifter, ifølgje oversikta til Nord Pool. På det høgaste denne månaden har han vore 1,23 kroner.

Powered by Labrador CMS