Helsedirektør Bjørn Guldvog: — Vi må ha veldig kraftfulle tiltak for å halde kontroll på det muterte viruset.
Foto: Berit Roald / NTB
Mutert virus skaper bekymring
NPK-NTB: Helsedirektør Bjørn Guldvog seier ein håpar å isolere utbrotet av det muterte viruset med ukjend smitteveg gjennom målretta smitteverntiltak.
Fredag vart det kjent at den muterte britiske virusvarianten har brote ut i Nordre Follo. Utbrotet rammar òg dei næraste kommunane, mellom anna Oslo, Nesodden, Frogn, Ås, Indre Østfold, Moss og Vestby.
— Vi opplever no – med det viruset vi har vorte kjende med – at det er svært vanskeleg å halde kontroll på det. Vi må ha veldig kraftfulle tiltak for å halde kontroll. Det betyr at viss vi skal halde fram med å ha kontroll, må vi ha eit høgare tiltakstrykk. Og det er naturlegvis ein veldig krevjande situasjon å vere i, sa helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse fredag.
— Derfor håpar vi at det går an å isolere dette utbrotet raskt og effektivt gjennom målretta tiltak i dei kommunane det er snakk om. Men det er ingen garanti for at vi ikkje får ei breiare virusspreiing i landet, sa helsedirektøren.
Det muterte viruset er opptil 70 prosent meir smittsamt enn det vanlege koronaviruset og kan auke R-talet med 0,4, ifølgje Guldvog. (NPK)