I år er det ein stor musebestand ute i naturen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Museår: – Ikkje inviter dei inn!
I år tyder mykje på at det er ein stor musebestand ute i naturen. Då kallar vi det eit museår. No i haust vil dei inn til deg og frå no og fram til januar er det høgsesong.
– No som det blir kaldare i vêret søkjer dei inn i varmen og då er hus, hytter, buer og garasjar perfekte mål. Då har du som eigar ei viktig rolle for ikkje å invitere dei inn på middag og overnatting. Dessverre er det mange som gjer det, heilt uvitande, seier Øystein Øren i Frende i ei pressemelding.
Totalt registrerte Norsk Hussopp Forsikring rundt 2500 saker med mus og rotter i norske hus og hytter i fjor. Det er mellom seks og sju saker melde inn til norske forsikringsselskap kvar einaste dag.