1000-kronesetlar i utgåve VII har gått ut av sirkulasjon.Foto: Nils Stian Aasheim
1000-kronesetlar i utgåve VII har gått ut av sirkulasjon.

Munch-tusenlappen går ut

I dag laurdag, går tusenlappen med motiv av Edvard Munch ut, og kanskje har du ein slik i heimen? Norges Bank opplyser nemleg at tusenlappar for over fire milliardar framleis er i omløp.

Publisert Sist oppdatert

Når laurdag blir til søndag denne helga er tusenlappen med Edvard Munch ikkje lenger gyldig, og kan ikkje lenger brukast som betalingsmiddel i butikkar. Det melder nettstaden dinero.no. Norges Bank reknar med at det framleis er tusenlappar for ein verdi av 4,3 milliardar kroner i omløp, og om du sit på ein slik tusenlapp er det frå søndag av berre Norges Bank som kan ta i mot desse tusenlappane.

— Har setlar som nyleg har gått ut, kan desse vekslast inn gebyrfritt hos Norges Bank i ti år etter at dei gjekk ut. Dei gamle setlane har med andre ord ikkje tapt sin verdi sjølv om dei ikkje lenger sirkulerer som betalingsmiddel, seier direktør for kontante betalingsmidlar i Norges Bank, Leif Veggum.

Kan senda inn

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS