Monsterskip til Raunes

Jon Edvardsen Installasjonane i Nordsjøen blir delte opp i modular i ein revers av korleis […]

Publisert Sist oppdatert

Jon Edvardsen

Installasjonane i Nordsjøen blir delte opp i modular i ein revers av korleis dei vart bygde opp. Dei blir så frakta inn til Vatsfjorden med verdas største kran- og lekterfartøy; Thialf» og Hermod», begge eigd av det nederlandske selskapet Heerema Marine Contractors.

Tar plass
Thialf» ruvar med ei lengde på over 201 meter og over 88 meter breidde, og kan i eit tandemløft med fleire kranar flytte 14.200 tonn. Kranlekteren Hermod» er litt kortare og går ikkje for eigen maskin slik som Thialf».
Det er uklart om begge fartøya blir i Vatsfjorden samstundes, og Hermod» må ha oppankring på begge sider av fjorden. Assisterande plassjef Olav Ubøe ved AF Vats Mottaksanlegg seier til Grannar at dei reknar med at operasjonane skal kunne skje utan særleg hinder for båttrafikken i Vatsfjorden, spesielt for båtar som ikkje stikk djupare enn 6 meter ned i sjøen.
Ikkje stenge
— Det blir litt oppmerking og ein vaktbåt skal sikre tryggleiken. Men i prinsippet skal vi ikkje stenge fjorden for ferdsel. Det einaste kan vere når fartøya skal ankre opp at det kan bli nødvendig, seier Ubøe.
Denne versjonen har også Knut Stenvik i Kystverket region vest.
— Vi har ikkje gitt noko løyve til å stenge fjorden. Men ein må kunne leggje til rette for operasjonen ved til dømes oppankring. Men ut over det har dei ikkje fått løyve til å stenge for ferdsel, seier Stenvik.
I reguleringsløyvet som Vindafjord kommune har godkjent, står det at det kan vere aktuelt å stenge fjorden for større fartøy i kortare periodar, og at det skal godkjennast av Kystverket.

Juli til oktober
Når Thialf» eller Hermod» kjem inn til Vatsfjorden i juli betyr det at anleggsfasen no går over i opphoggingsfasen på Raunes. Ei rekkje installasjonar frå norsk side på Ekofisk skal til Raunes, pluss to frå engelsk sektor som dei to landa samarbeider om. Samla er det ein kontrakt på 1,2 milliardar kroner der ConocoPhillips er oppdragsgjevar.
— I utbyggingsfasen har det arbeidd 240 personar på anlegget på det meste. Når vi går over til opphogging blir vi rundt 100, fortel Ubøe.
Det er ikkje bestemt når tid fartøya kjem i juli, men det er snakk om 4-5 anløp frå juli til oktober i denne omgangen. Lossinga av kvar last vil skje i løpet av 2-5 dagar.
AF Decom er i ferd med å montere ei stor klippemaskin på anlegget, med ei saks som kan gape over røyr på 1,5 meter.
Informerer bygdefolket
På onsdag skal AF Decom ha eit ope møte for bygdefolket der dei føreståande aktivitetane er tema. I tillegg til representantar frå AF Vats Miljøbase, vil ein utsending frå Heerema Marin Contracting informere om kranskipa og dei aktivitetane dei er involverte i på fjorden.
— Vi reknar med at folk lurer på kva som skal skje på fjorden når desse store fartøya kjem inn, og kva konsekvensar det kan få for ferdsla på fjorden. Det er mange fritidsbåtar i området, seier Ubøe.
Selskapet har også fått på plass ein del av dei 30 italienske vogntoga som skal frakte ulike komponentar rundt på anlegget på Raunes.

Powered by Labrador CMS