Lena Haugland Rønnevik trur Imsland har ei god framtid.
ARKIVFOTO: PRIVAT
Mobiliserer for bygda si framtid
— Me mistar skulen, men det betyr ikkje at andre tilbod i bygda må forsvinne. Framover må me vere flinke til å stå saman og halde fram det gode arbeidet som blir gjort her, seier Lena Haugland Rønnevik.
Ho trekkjer fram at folk er flinke til å stille opp på dugnad. Slik klarer dei å lage til ei rekkje arrangement og sikre at desse blir godt besøkte. Ho peikar òg på ulike bedrifter og tilbod som Øvregård landhandel & cafe og Matkroken Imsland som døme på at bygda lever.
— Eg trur framtida til Imsland blir bra, seier ho.