Misnøgd med grus-handtering
Frå fleire kantar av Etne kommune har det kome reaksjonar på mykje grus og strøsand som ligg igjen etter vinteren. — Trafikkfarleg, konstaterer Arvid Kjell Osvåg.
I påsken var det ei hending på den kommunale vegen rett ovanfor eigedomen til Osvåg på Eikanesbrekka på Sørstranda. Ei jente på tur med far og søsken sklei med sykkel og velta stygt nok til at det blei ein tur til legevakta, med grus som måtte plukkast frå panna.
— Då sendte eg eit brev til kommunen, seier Osvåg.
Han har no sjølv tatt initiativ til å koste vekk på vegstrekninga som ligg rett til eigen eigedom, men berre litt lenger oppe i svingen, i retning Bjørgjo, var det rikeleg med grus å sjå ut mot sida av asfalten. Her kunne ein òg finne eit langt og tydeleg bremsespor i grusen, truleg forlenga av ein nedsett bremseeffekt. Saman med ein elles kronglete veg på Sørstranda fryktast det for trafikksikkerheita.