Forfattaren meiner at Vindafjord kommune må kunne ta over arbeidet med utvikling av tomter til bustadar sjølv. Foto: Espen Mills/etnebilder.no
Talet på ledige går ned i Nord-Rogaland, men Bokn og Vindafjord har ein liten auke.

Minst 15.000 innbyggarar

Ekspert utval om framtidas kommunar.

Publisert Sist oppdatert

Verken Vindafjord eller Etne vil bestå som eigne kommunar dersom kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) skal lytta til det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet.

Måndag kom første delrapport frå utvalet. Tilrådinga går blant anna ut på rundt hundre norske kommunar med minst 15.000-20.000 innbyggarar. Ekspertutvalet som blei sett ned i januar, skal føreslå prinsipp og kriterier for den planlagde kommunereforma som den nye regjeringa har annonsert.

— Ekspertutvalet sin rapport er tankevekkande og illustrerer utfordringane kommunane står overfor. Den gir tydelege råd om kva som skal til for at kommunane skal sikra innbyggarane sine gode tenester i åra som kjem, seier Sanner til NTB om rapporten.

Statsråden vil lytta til ekspertane, men vil ikkje konkludera om han går inn for ei absolutt grense for kor stor framtidas kommune bør vera.

Heller ikkje Vindafjord og Etne som éin kommune, vil nå målet om minst 15-.000 innbyggjarar. Dermed ligg det an til ein storkommune på indre Haugalandet om ekspertane skal bli høyrde om kommunestrukturen i denne regionen.

Kritisk Sp

Den første kritiske politiske kommentaren kom i dag frå Senterpartiet.

— Nå starter kampen om kommunekartet i Rogaland, heiter det i ei pressemelding.

— Det ser ut til at konklusjonane er trekte ut frå ei ideologisk tilnærming om at store kommunar er gode kommunar. Alt dette skjer utan at regjeringa har gitt eit godt svar på kva dei vil oppnå med ei massiv kommunesamanslåing og folkestyret ser ut til å væra gløymd, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Eit slik opplegg som ein legg opp til her vil gjera at ein set att med ei handfull kommunar i Rogaland – sidan ekspertutvalet i tillegg peikar på andre omsyn enn berre innbyggartal gjer seg gjeldande rundt byane, utteler Pollestad.

Senterpartiet fryktar at om få år kan følgjande kommunar vere borte: Karmøy, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Utsira, Kvitsøy, Randaberg, Finnøy, Rennesøy, Sola, Klepp, Forsand, Strand, Hå, Time, Sokndal, Lund, Gjesdal, Bjerkreim, Sandnes.

— Det ser ut som regjeringa og ekspertutvalet trur ein får ein tettbygd kommune av å slå saman to grisgrendte kommunar. Senterpartiet i Rogaland vil no ta av silkehanskane og slåss for at folk sjølv skal få bestemme kva som er best for dei, seier Pollestad.

Powered by Labrador CMS