Ikkje alle hundebæsjposar er like miljøvenlege, meiner plastekspert. Foto: Gorm Kallestad / NTB /NPKNB! MODELLKLARERT
Ikkje alle hundebæsjposar er like miljøvenlege, meiner plastekspert.

Miljøvenlege hundeposar er ikkje nødvendigvis det

NPK: Hundeposar som vert marknadsførte som nedbrytbare og komposterbare er mykje dyrare enn vanlege hundeposar. Og ikkje nødvendigvis meir miljøvenlege, ifølgje plastekspert.

— Slik dei blir marknadsført i dag blir forbrukar lurt trill rundt. Dei betalar ekstra for noko dei trur er meir miljøvennleg, men som ikkje er det, hevdar berekraftsdirektør i Norner, som utviklar og forskar på plast, Thor Kamfjord, til NRK.

Han har sett på fleire variantar av hundeposar som blir marknadsførte som miljøvennlege, som NRK har henta inn.

Skal i restavfallet

Fargen på posen er gjerne grøn, og ord som bionedbrytbare, biologisk, og komposterbar går igjen hos fleire av dei. I nokre er det pappkjernen i rullen og emballasjen rundt som er miljøvennleg, ikkje nødvendigvis sjølve posen.

Hundeposane NRK har fått tak i varierer i pris, frå 9,90 for ein rull med 50 hundeposar med fossil plast til 59 kroner for ein tilsvarande rull som blir omtalt som nedbrytbar – altså seks gonger dyrare.

Kamfjord forklarar påstanden om at dei ikkje er meir miljøvennlege slik:

— Desse posane skal ikkje inn komposteringsanlegg, i eigen kompost eller i naturen. Dei skal i restavfallet, seier han.

Oxo-plast

Fleire av hundeposane som blir marknadsførte som miljøvennlege her i landet er tilsett EPI/TDPA, som hjelper å bryte plasten raskare ned, såkalla oxo-plast.

Ein del miljøorganisasjonar i Europa ønskjer å forby oxo-nedbrytbar fossilplast som gir inntrykk av å bli broten heilt ned i naturen, men som i verkelegheita er kjelde til mikroplast.

Det finst også hundeposar som kan bli brotne ned som er produsert av fornybare kjelder, som for eksempel maisstivelse og sukkerrøyr, kalla for bioplast. Men nokre av desse kan også innehalde fossilbasert nedbrytbar polyester, skriv NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS