Merkar turstiar i Etnefjellet
Ein liten gjeng ivrige fjellfolk i sti- og vardegruppa til Etne Turlag har dei siste dagane jobba med merking av turstiar i Etnefjellet,
Nå kan alle som ønskjer det vandra trygt langs merka stiar frå Gjerdslia nær Etne sentrum og heilt fram til Olalia. Første del av turløypa går langs ein gamal skogsveg bygd frå gardane på Gjerde, før den går over i sti.
— Me har merka med gult på steinar, vardar eller sett opp stikker, fortel leiar av stigruppa Erling Askeland som har hatt sju andre spreke fjellfolk med seg på laget. I løpet av tre dagar var heile løypa merka. Nå står det berre igjen å setja opp skilt som viser retning av løypa slik at også turfolk utan kjennskap til området kan ta seg fram.
— Løypa har ikkje vore merka tidlegare. Nå skal ein kunna ta seg fram utan å ha gått her før. Kåre Haugen frå Etne har vore med som kjentmann og han har gjort ein stor jobb med å leita fram stien der den har vore vanskeleg å finna. Me er også avhengig av godt samarbeid med grunneigarar for å få løyve før noko blir gjort. I vinter fekk me løyve frå alle, seier Askeland.
I tillegg til merking av eksiterande og nye stiar har stigruppa i Etne turlag også ansvar for å merka stiar som fører inn til den populære Gullruta i Etnefjellet som Haugesund Turistforening har ansvar for.
— Me merkar med T inn til hovudløypa, seier Askeland.