Med lidenskap for planter
Rhododendron er ei populær hageplante som finst i mange norske hagar, men få hageeigarar har så rikeleg utval av plantearten som ekteparet Sigrid og Leif Arne Løvereide i Etne. Med 30 ulike typar rhododendron og over 100 rhododendronplanter spreidd over fleire mål, er blomstringstida på våren og forsommaren eit særs vakkert syn for alle som passerer den frodige hagen i Stordalen.
— Me har god plass til å prøva ulike rhododendronplanter, og når me har så stort område må me ha noko som styrer seg sjølv, seier ekteparet Løvereide og viser rundt i den praktfulle hagen med storslagen utsikt over Stordalsvatnet.
Rundt sju mål med hage gjev god plass til eit mangfald av både tre, buskar, roser og klatreplanter, i tillegg til frukttre og bærbuskar, men det største blikkfanget er dei talrike rhododendronplantene som dukkar opp som frodige fargeklattar overalt i hagen.