Knivstikkinga i Ølen
Mann sikta for drapsforsøk
Ein mann i 60-åra er sikta for drapsforsøk mot ein mann i 50-åra etter knvistikinga i Ølen laurdag kveld.
Fornærma blei frakta frå åstaden med ambulanse, og deretter overlevert luftambulansen som frakta han til Haukeland universitetssjukehus.
— Politiet har avhøyrt fleire vitne, og vi håper å avhøyre sikta i dag. Det er tidleg i etterforskinga, og vi må difor vere sparsame med opplysningar, seier Andersen.
Politiet kan førebels ikkje seie noko om motivet for hendinga, men offeret framstår ikkje som tilfeldig.
— Dei to involverte er ikkje kjente for politiet frå før, seier Andersen til Grannar.
Politiet har teke beslag i fleire gjenstandar og gjennomført kriminaltekniske undersøkingar på staden.
— Vi held fram med vitneavhøyr i dag, seier politiadvokaten.
Andersen opplyser til Grannar at det truleg kjem fleire opplysningar om saka i ei ny pressemelding seinare sundag.
Skadegraden til fornærma i saken er ikkje kjent. Helseføretaka opplyste tidlegare om kor alvorlege personar var etter alvorlege hendingar, ei ordning som opphøyrde i 2019.