Norsk Folkemuseum har eit etterslep på vedlikehaldet av dei verneverdige bygningane sine. Mange andre folkemuseum her i landet er i same situasjon.Foto: Kari Hamre / NPK
Norsk Folkemuseum har eit etterslep på vedlikehaldet av dei verneverdige bygningane sine. Mange andre folkemuseum her i landet er i same situasjon.

Mange kulturhistoriske bygg treng restaurering

NPK: Ei kartlegging av bygningssamlingane til musea her i landet viser at det er store restaurerings- og vedlikehaldsbehov. Over halvparten av desse bygningane må restaurerast.

I 2019 gjennomførte musea i det nasjonale museumsnettverket kartlegging og tilstandsvurdering av dei kulturhistoriske bygningane i samlingane sine, fortel Kulturrådet i ei pressemelding.

Kartlegginga viser at ein finn eit geografisk tyngdepunkt i bygningssamlingane i fylka Innlandet, Viken og Vestland, med om lag halvparten av bygningane. Når det gjeld alder, er mange av bygningane er oppført på 1800-talet og i første halvdel av 1900-talet. Om lag 2/3 av bygningane kan kategoriserast som bustader eller landbruksbygningar, og tre er det viktigaste byggjematerialet i over 80 prosent av bygningane.

Nærmare 55 prosent av bygningane har tilstandsgrad 2 eller 3, og har dermed varierande grad av restaureringsbehov. Det er likevel store variasjonar mellom både museum og fylke når det gjeld tilstanden som er rapportert inn.

Kostnaden for å få restaurert alle bygningar opp på eit godt vedlikehaldsnivå, er anslått til 3,2 milliardar kroner. Ei undersøking våren 2020 tyder i tillegg på at det ikkje blir brukt nok pengar på vedlikehald, slik at vedlikehaldsetterslepet antakelegvis er aukande.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS