Ei sjeldan fjelltrapp er laga denne veka. Fire av tømrarane er Lars Kristian Kikkan» Vestbø (framme), Kåre Furseth, Ingvar Gjærde og Magne Inge Vårvik.
Foto: Knut Furseth
Målet er å gå tørrskodd
Den fine hausten har gjort at dei er kome langt inn i arbeid som dei nok eigentleg hadde planlagt å gjera til våren.
Stien går frå Fjellstøl over Haukrei via Hest og ned til vegen til Olalia. Det er på høgdedraget etter at ein har passert hytta til Røde Kors at stien frå Hest treffer Olalivegen. Stien vart merka i fjor av delar av gjengen, men antalet turgåarar som har gått turen i år gjer at Fokus Sandeid bestemte seg for å gjera det lettare å gå meir tørrskodd.
No i haust er det lagt ut fjølbruer over våte myrområde, og på eit bratt og glatt område på Haukrei fann dei ut at det rette var ei trapp med rekkverk.