Kari Aakra (t.v.), Line Andersen og Morten Helland i Medvind Næringshage.
Arkivfoto: Medvind24
Næringsliv
Lykkast med næringshagar
Alle næringshagane i Rogaland blir rangerte på øvste halvdel nasjonalt i ei ny evaluering. Blant desse er Medvind24 Næringshage i Vindafjord og Etne.
— Det er fantastisk at me har næringshagar som er landets aller beste på det dei gjer. Det lovar veldig godt både for dei som bruker tenestene deira og for framtidas næringsutvikling i Rogaland, seier næringssjef Mette Fossan i Rogaland fylkeskommune til fylket sin eigen nettstad.
Totalt er det 39 næringshagar i Noreg. Medvind24 Næringshage blir rangert som nummer 15. Medvind har hovudkontor i Ølensvåg, i tillegg til lokasjonar i Skjold, Sandeid og Etne.
Næringshagane er eit tiltak for å leggje betre til rette for næring ute i distrikta i Noreg. Mellom hovudmåla til næringshagane er å bidra til etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar og å bidra til auka lønsemd og vekst i dei bedriftene som allereie finst i distrikta.