Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Alle deltakarane fekk diplom etter at mønstringa var ferdig. Det var eit svært stort spenn av aktivitetar og kunst.Foto: Morten Stene
Frå årets UKM i Ølen.

Lokale talent fekk endeleg vist seg fram

Publisert Sist oppdatert

Mange ungdomar valde å ta turen til Ølen kulturhus laurdag for å visa kva dei driv med på fritida. Ein av desse var Simon Hopeland Ravn (16) som driv med modellbygging i Lego. Han hadde laga to modellar av stridsvåpen brukt i andre verdskrig og forklarte godt dei intrikate detaljane i modellane han hadde bygd. Dei var godt gjennomført på utsida, men hadde også store og små detaljar gøymt inne i sjølve bygget. Det var ein modell av motoren i stridsvogna, eit eige rom for sjåfør, og mange detaljar som vindauge for å kunne observere rundt stridvogna. Modellen er bygd på ein ekte stridsvogn som heiter Tiger I, som var ei tysk stridsvogn som vart brukt frå 1942 og fram til 1944 når Tiger II kom i produksjon.

I kunstutstillinga var det var mykje forskjellig som vart vist fram. I tillegg til modellane til Simon var det både teikningar av natur, skulpturar, maling av populærkultur og ei maske basert på guden Anubis. Det var mykje å sjå på, og det var stadig folk som var innom og studerte alt det spannande som ungdommane hadde laga.

Blant deltakarane var også søstrene Hustvedt, Ingrid (19) og Marte (17) som fortel at dei har vore med på UKM sidan dei var gamle nok til å delta. Begge to er svært glade i å stå på scenen og syngja, og synest det er kjekt å få delta saman på UKM. Det har blitt ein tradisjon for dei, og spesielt kjekt har det vore når dei har kome vidare til fylkesmønstringa og det er å få møta andre som har liknande interesser,

Powered by Labrador CMS