Lokale lag klar for cup
På søndag er det igjen klart for Joker Cup i Vikedal.
Denne turneringa er for dei yngste fotballspelarane, dei mellom 6 og 10 år. Laga kjem frå Vindafjord IL, Etne IL, Ølen IL, IL Skjoldar, Sauda IL, Sk Vats og Skånevik IL. I år er det 32 påmelde lag, noko som betyr rundt 190 fotballspelarar. Det pleier å vera mellom 30 – 32 påmelde lag. Til cupen har dei samla rundt 30 frivillige som bidreg.
Joker Cup har vore i mange år, men tidlegare gjekk den under namnet Vikedalscupen.
Annonse
— Den har iallfall vore i så mange år at eg hugsar at eg og spelte, og det er 30 år sidan, seier Kjetil Larsen som sitt i fotballstyret, og er den som er ansvarleg for Joker Cup.
Heile fotballstyret er med på å arrangera cupen, og dei får god hjelp i frå frivillige.