Eigedommen i Etne sentrum som blir omtalt som Ivelandstomta.
Eigedommen i Etne sentrum som blir omtalt som Ivelandstomta.

Lokal entreprenør tilrådd som utbyggjar på Ivelandstomta

Administrasjonen i Etne kommune tilrår at Tungesvik Bygg AS får tildelt prosjektkonkurransen for utbygging på Ivelandstomta. Saka skal opp i formannskapet neste veke.

Publisert Sist oppdatert

I saksframlegget til formannskapet tilrår kommunedirektøren at prosjektkonkurransen for Ivelandstomta blir tildelt Tungesvik Bygg AS. Tilrådinga kjem etter ein omfattande prosess der seks entreprenørar leverte tilbod. Eit av desse seks tilboda blei levert etter fristen, og vart difor ikkje teke med vidare i prosessen.

Dei fem gyldige tilboda vart presenterte på eit ope møte på Skakke 19. mars, der publikum fekk stille spørsmål og kome med kommentarar.

Etter presentasjonane fekk tilbydarane tilbod om individuelle møte med administrasjonen. På bakgrunn av vurderingar frå ei intern arbeidsgruppe vart to prosjekt tekne vidare til endeleg vurdering: eitt frå A Utvik AS og eitt frå Tungesvik Bygg AS.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS