Inga-Cecilie Sørheim.
PRIVAT
Livet er tøft, men det er du også
Er me blitt ein skjør og sjukemeldt nasjon? Tåler me for lite? Ja, slike spørsmål stiller lege og samfunnsdebattant Kaveh Rashidi i ein kronikk i VG. Rashidi viser til det udiskutable; at 700 000 nordmenn i yrkesaktiv alder står utanfor utdanning og arbeidsliv. Det vil seie ein av fem av oss. Er me sjukare enn andre? Terskelen for sjukemelding for låg? Eller er det systemet som er sjukt..?
Rashidi fekk raskt tilsvar frå ein annan samfunnsengasjert lege, Mozzie Marvati. Han påstår i kronikkform i Aftenposten at det er samfunnet som er "sjukt". I staden for å spørje kvifor folk toler så lite, bør ein spørje kvifor samfunnet krev så mykje. Me er ikkje blitt for skjøre, men verda er blitt for hard. Han peikar på uhelse som konsekvens av andre faktorar enn tradisjonell sjukdom; som kronisk stress, søvnmangel, stillesitting, skjermtid og ultraprosessert mat. Begge legane har gode poeng. Rashidi er med rette oppriktig bekymra for velferdsstaten si berekraft framover. For korleis skal dette ende, med stadig fleire på NAV-ytingar og stadig færre til å gjere jobben - samstundes som behova for arbeidskraft innan skule og helse- og omsorg berre aukar..? Det er all grunn til å slå alarm.
Samstundes er det lett å gi Marvati delvis rett i at me lever i eit "sjukt" samfunn, og at det i mange tilfelle er kronisk stress og overbelastning som gir dårleg helse og held folk utanfor arbeidslivet. For nordmenn er vel ikkje sjukare enn andre? På individnivå treng dei fleste av oss sjukemelding ein eller fleire gonger i løpet av arbeidslivet. Det er verken svakt eller skjørt; det er både naturleg, nyttig og nødvendig.