Kvinne omkom i brann
Det var 39 år gamle Helga Marie Årra frå Ølen som omkom under brannen fredag kveld.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 23.46 om brann i eit bustadhus i nærleiken av idrettsanlegget i Ølen. 39-åringen funne død etter brannen. To andre bebuarar kom seg ut av huset.
Ein knapp halvtime seinare fann røykdykkarar kvinna, som kort tid etterpå vart erklært død. Gjennom natta har politiet avhøyrt personar som hadde tilknytning til denne adressa fredag kveld/ natt til laurdag.
— Huset er delt opp i fleire bueiningar, og dei to som budde i kjellaren fekk redda seg ut. Kvinna budde åleine i hovudetasjen.Det er førebels uvisst kvifor brannen starta, opplyser operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Laurdag morgon jobbar politiet med å få varsla dei pårørande til kvinna. Kriminalteknikarar kjem også til å jobbe på staden frå føremiddagen.