Kvinne køyrde fleire mil på E134 med meir enn 3,05 i promille

Retten slår fast at kvinna var til stor fare for andre trafikantar.

Publisert Sist oppdatert

Haugaland tingrett fann ingen grunn til å stole på det ei kvinne i 30-åra forklarte, om at ein ukjend edru gresk ung mann hadde køyrd bilen – og stukke av – før politiet vekte ho om kvelden den 11. februar i fjor. Då sto bilen parkert midt på E134, ved avkøyringa til Frette i Stordalen.

Parkerte midt i vegen

I forkant hadde innehavaren av ein serveringsstad i Etne ringt politiet og meld frå om at kvinna hadde køyrde frå staden med bil til tross for at ho var svært rusa. Politiet rykte ut frå Ølen først ein gong utan å finne bilen. Seinare på kvelden fekk politiet ny melding om at bilen dei hadde leita etter då sto parkert midt på E134 med motoren i gang og med ei bevisstlaus kvinne i førarsetet. Eit vitne hadde skrudd av tenninga, tatt ut bilnøklane og eit anna vitne sto vakt fram til politiet kom.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS