Tettare på
Kvar sine juletradisjonar
Jul blir feira på ulik vis over heile verda. Grannar har tatt turen til ein familie frå Polen, ein frå Tyskland og ein frå Syria for å høyra korleis dei markerer jul. Felles for alle er god mat, familiefest og tid saman.
Jul i Polen startar offisielt med Wigilia om kvelden den 24. desember. I landet i aust tilhøyrer 85 prosent av befolkninga den katolske kyrkje og når jul skal feirast blir det på katolsk vis i dei fleste familiar. Mat er ein svært viktig del av feiringa og når storfamilien samlast rundt bordet julekvelden manglar det ikkje på noko å bita i. Jul hos familien Gorczynski i Etne er det ikkje noko unntak. Her kan ein velja og vraka i tradisjonelle polske rettar når julemiddagen skal nytast.
— Tradisjonen i Polen er 12 rettar. Det skal vera fisk og grønsaker. Me et aldri kjøt på julaftan, seier polske Grzegorz Gorczynski (39) som i dag er busett i Etne saman med kone og tre barn,
Aneta (37), Simon (7), Hanna (4) og vesle Liliana på 10 månader.